Vikane

Informasjon om Arrangøren

Vikane IL har tatt på seg å vere ein av dei som arrangerer Løp for meg søndag 8 september.

Coop er ein av hovudsponsorane til dette landsomfattande løpet til inntekt for Barnekreftforeningen.

Vi i Vikane IL tenkte det ville vere positivt som idrettslag å arrangere dette i bygda for andre året på rad.

Vikane IL er eit idrettslag for bygdene Tistam, Utvik og Innvik. Idrettslaget har rundt 300 medlemmer. I hovudsak driv vi med fotball, handball, turn, trim og litt ski. Vi tykkjer det er spennande og fint og kunne vere med på og arrangere eit trimløp til inntekt til ei så god sak som Barnekreftforeningen.

Informasjon om Løpet

Løp for meg arrangeres søndag 8. september 2019 kl. 12.00.

Vikane IL inviterer både store og små til å delta på dette turløpet som set fokus på kreft. Mange blir ramma av dette kvart år, og det er spesielt sårt når barn er involvert.

Løp for meg er landsomfattande og set fokus på og er til inntekt for Barnekreftforeningen.

Løpet er utan tidtaking, og vi ser på dagen som ein familiedag. Vi håpar mange blir med!

Meld deg på!

Vipps en ekstra gave til #løpformeg!

Vipps ønsket beløp til telefon
02099
og merk med #løpformeg og løpssted.

Om løypa

Løypa som skal brukast har start og mål på stadion ved Styrkhallen i Innvik. Løypa er ca 2,5 km lang og vil vere ei rundløype i nærområdet rundt stadion. Løypa vil bli merka, så det vil vere lett å finne fram.