Nordfjordeid

Informasjon om Arrangøren

Klenkarberget Sommarcamp er ein organisasjon som i hovudsak tilbyr aktivitetar for barneskuleelevar i fire veker i sommarferien. Vi tilbyr også aktivitetar på våren og hausten for barneskuleelevar og ungdomsskuleelevar.

I lag med andre lokale bidragsytarar arrangerer vi «Løp for meg» for å støtte arbeidet til Barnekreftforeininga og alle born som er ramma av sjukdomen. Vi ønskjer at alle born skal få vere born.

Informasjon om Løpet

Løp for meg arrangeres søndag 8. september 2019 kl. 12.00.

Registreringa opnar kl. 11.30.

Løpet arrangerast i Malakoff. Det er inga tidtaking, og føresette er velkomne til å følgje barn gjennom løypa. Det er også mogleg for vaksne å melde seg på løpet.

Alle deltakande barn får T-skjorte og medalje frå Barnekreftforeininga.

Vi anbefalar alle som kan å gå til arrangementet. Elles vil det bli mogeleg å parkere ved Valhall, ved telebygget og ved industriområdet i Øyane.

Dette blir ein flott dag med kiosk, loddsal og konsert. Meir informasjon om dette kjem seinare.

Meld deg på!

Om løypa

Løypa er på om lag 1 km. Underlaget er grus og gras, og løypa er i flotte omgivelsar i Malakoff-området. Ein kan sjølv bestemme kor mange runder ein vil ta.